GB     HJEM

Reis dit: Ørsta

Foto: Kristin Mork/ Ørsta kommune
Mellom mektige Sunnmørsalpar finn du Noregs vakraste og mest varierte fjell-og fjordlandskap med hundretals turstigar, fiskerike elvar, fjordar og vatn. Her er levande bygder, eit næringsliv i sterk utvikling og eit rikt kulturliv.






Du kan fiske i elvar, fjordar og vatn, du kan bade i forfriskande fjellvatn, plukke blåbær og sopp eller jakte etter små- og storvilt. Likar du spenning kan vi tilby klatring, rappellering, vårskiløping eller ein luftig tur med tandem paragliding.

I kommunesenteret Ørsta ligg mange småperler som er vel vert eit besøk. Her er handlegater med butikkar og spisestader av mange slag, pubar, diskotek og klubbar med varierte musikalske innslag frå både lokale og nasjonale grupper. Den nye treffstaden Rust club & scene tilbyr mykje spennande musikk. Er du kultur- og kunstinteressert kan du ta ein tur på Olav Strømme-galleriet, Brudavolltunet eller kvenhusa i Skorgeura og sjå korleis ein mol korn i gamle dagar.

Svendsengarden ligg midt i sentrum og fekk ved tusenårsskiftet status som Ørsta sin tusenårsstad. Huset har stor kultur- og arkitekturhistorisk verdi som truleg det første sveitserstilanlegget (1864) på Sunnmøre, og det første hotellet i bygda. Her finn du "Gamleposten" med frimerkesamlingar. Frå 1. april 2003 opnar Fru Svendsen kunstkafé med varierte kunstutstillingar, kulturkveldar og servering av tradisjonelle og heimelaga kaker i hovudetasjen.

Ved Ørstafjorden ligg Ørsta Småbåthamn, eit ynda rekreasjonsområde for folk i alle aldrar. Vil du dele nista di med ender, så kjem dei så snart du kallar på dei.

Det nye reisemålet på Sunnmøre, Ivar Aasen-tunet, ligg langs E39 i retning Volda og berre 5 km frå sentrum. Aasen-tunet er eit nasjonalt dokumentasjons- og opplevingssenter for nynorsk skriftkultur. Det unike og vakre bygget er teikna av meisterarkitekten Sverre Fehn, og det har vekt stor interesse langt utanfor Noregs grenser. Ivar Aasen-tunet inneheld ei stor og moderne utstilling om språk og kultur, og aktivitetar med utgangspunkt i språk og dialektar. Her er kafé, museumsbutikk og framvisning av ein film om Ivar Aasen sitt liv og verk.

Vartdal er fiskeribygda i kommunen, og ligg langs E39 i retning Ålesund. Her kan du ta ein tur innom Sjøbuda Ramoen, ei restaurert sjøbud med pub og matservering. Museet i 3. etasje utgjer skipskopien av S/S Ramoen, den største fiskebåten i Noreg frå 1913, ein dominerande del (15m). På Grøthornet ca. 900 m.o.h. ligg Den Julianske borg, ein lav steinlabyrint truleg frå bronsealderen.

Fjellheimen i vårt område vert kalla Sunnmørsalpane. Vi som bur her er glade og stolte over fjella og går turar heile året. Her er godt fjellturkart og brosjyrar over turforslag som høver både for liten og stor. Langs "Huldrestien" kan du til og med trille barnevogn og sykle. Dei mest kjende toppane er Kolåstinden, Slogen, Jønshorn (Ramoen), Skårasalen og Liadalsnipa. Om nokre av turane er noko luftige, så er utsiktene desto meir svimlande.

Skårasalen ligger rett opp for Sæbø, og er eit utsiktspunkt 1554 m.o.h. med panoramautsikt mot Hjørundfjorden og Sunnmørsalpane. Heile Noregs sin fotball Drillo har sagt at denne utsikta ikkje kan beskrivast med ord, men må opplevast.

Dersom du er ute etter unike opplevingar er "Dronningruta" gjennom Norangsdalen noko for deg! Frå Stryn eller Geiranger tek du av på Tryggestadkrysset og følgjer Rv 655 gjennom dalen. Norangsdalen er eit stille avsidisliggane dalføre rikt på både natur- og kulturopplevingar. Her ligg kulturopplevingane på rekke og rad. Vi nemner berre Lygnstøylvatnet, Stavbergsetra og Svidebrua. På Øye ved Norangsfjorden ligg det gamle trehotellet frå 1891, som er kommunen sin største kulturskatt.

Eitt av dei mest fascinerande fjellområda hos oss er Molladalen. Til Molladalen kjem du frå Barstadvik, Ytre Standal og Romedalen. Molladalen er som ein Disneyminiatyr av Alpane. Kombinasjonen med vertikal geologi, ville tindar og vakkert landskap gjør dalen til ein turistmagnet.

Ørsta sitt vintersportssenter, Ørsta Skisenter A/S, ligg på Bondalseidet. Det er ny kafé på Eitrefjellet, 700 m.o.h. med flott utsikt mot Ørsta sentrum og Sunnmørsalpane. Området vårt er godt eigna til fjellturar gjennom heile året.

Fjella rundt omkring i kommunen, og særleg rundt Hjørundfjorden tilbyr fantastiske skiopplevingar med unike skiruter med inntil 1500 meter høgdeskilnad mellom tinden og fjorden. Om vinteren kan ein velje mellom rolige fjellturar i eit alpint landskap, ekstreme nedkøyringar eller preparerte skiløyper på Bondalseidet.

Fly dit:
Widerøe flyr daglig hele uken mellom Gardermoen og Ørsta-Volda lufthavn Hovden.
Det går buss og taxi til og fra flyplassen. Du kan også bruke egen bil eller leiebil.
Lokalbussen mellom Ørsta og Volda går forbi flyplassen  hverr halvtime på dagtid, og hver time fra 17.30 om ettermiddagen. Kører normalt ikke om ekspedisjonsbygget, men det er ikke mer enn et par minutter å gå fra holdeplassen.
Taxi er tilgjengelig i åpningstiden ved flyplassen, pris: ca. 100,- til sentrum, reisetid: 5 minutter.




Vis større kart

www.osloairports.com | 2007 - 2015 | uten kommersiell tilknytning til Oslos lufthavner